Pubkveld m/quiz

 Fredag 18. juni varmes det opp til lørdagens konsert med pubkveld på den nyopna, “Kjellarn Kafe og Sportsbar”. Denne kvelden har me vore så heldig og fått med oss quizmaster Jan Arild Breistein som skal utfordra vår allmennkunnskap med ein skikkeleg pubquiz. Påmelding til quizen skjer i døra på puben frå kl. 1900 fram til quizstart kl. 2100.


Etter at vinnarar av quizen har vorte kåra vil Espen Gjerstad spela opp til dans og allsang.
Me kan altså sjå fram til ein underholdande fredagskveld på opningsdagen til den nye puben i bygda.
 

Billettsalet er godt i gang!

Det ligg an til å bli god stemning på kaien når Dance with a Stranger entrer scena lørdag 19. juni. Det er allerede seld rundt 300 billettar til konserten med dei musikalske heltane. I tillegg til hovudkonserten vil det bli Strongmanshow med Lars Rørbakken, akrobatisk flyshow og vorspiel med Steinar Hjelmbrekke.


Trykk på billettservice-logo for billettbestilling

   

Seks deltakara klare for Talentiaden

 

Seks deltakara gjekk vidare frå Audition og får opptre på Talentiaden 19. juni. Dei seks er:


Vilde Havre, Indre Arna
Laura Galaz, Haus
Christine Kallekleiv Nilsen, Valestrand
Yvonne B. Hauge, Bruvik
Andreas Gjerstad, Votlo
Emilie Stensaker, Tertnes


Vinnaren får kr. 5000,- sponsa av Sparebanken Vest

Kom og få med deg dei seks talenta i 250 meterskogen kl. 1300

 

Vorspiel med Steinar Hjelmbrekke


Steinar har etter kvart stått på mang ei scene rundt om i verda sidan han lærte sine første riff i eit brunt hus i fotlandsvåg for om lag 12 år sidan.  Med bandet ”Fight the Phoenix” gav han i 2006 ut eit album med eigenkomponerte rockelåter. I denne forbindelse opptrådte han mellom anna på Rockefeller i Oslo og under landsfinalen i ”Global Battle of the Bands”.  Etter dette har Steinar hatt engasjement i fleire ulike band, men har meir og meir satsa på ei solokarriere. I 2009 gjorde han meir enn 30 konsertar. Av høgdepunkt her kan nemnast Quartfestivalen, konsertar i London og ein omfattande turne i Kina.Når Steinar står på scena på Osterøyfestivalen 19. juni har han akkurat gjort unna sin tredje Kina-turne og er godt i gang med innspelinga av debutalbumet sitt. Steinar lovar å stille med eit mannssterk besetning som vil levera ein variert og sprudlande konsert.Me gler oss!


Meir info om Steinar Hjelmbrekke på http://www.myspace.com/hjelmbrekke
 

Strongmanshow

Lars Rørbakken viser muskler på kaien før musikken braker laus på scena.

 Strilabandet avsluttar på kaien

Etter Dance with a Stranger går av scena spelar Strilabandet opp til dans i solnedgangen.

Festivalpass

Festivalpasset koster kr. 600,- og gjer deg adgang til alle arrangement. I detalj betyr dette:

  • Konserten med Dance with a Stranger og alt det andre som foregår på kaien i denne forbindelse. Enkeltpris for denne er kr. 350,-
  • Humorgalla med Espen Thoresen HversaagodTakkskalduha og tre andre frå Stand Up Norge. Enkeltpris for denne er kr. 200,-
  • Talentiaden. Enkeltpris for denne kr. 100,- (barn går gratis)
  • Kassabilløpet. Enkeltpris for denne er kr. 100,- pr. påmeldte bil
  • Bilrebus. Enkeltpris for denne er kr. 200,- for bil og kr. 100,- for MC
  • Eksosrypefest. Enkeltpris for denne er kr. 100,-
  • Pubkveld og quiz med Quizmaster Jan Arild Breistein. Enkeltpris for denne er kr. 100,-
  • 9-fjellsturen. Enkeltpris for denne er kr. 200,- for familie og kr. 100,- for enkeltdeltager.

 

Festivalpasset gjeld også for arrangemeta der fleire kan vere med på ei påmelding (fjellturen og bilrebus). Det er då viktig at den som har pass står for påmeldinga.

Frivilig?

Har du lyst å hjelpe til på nokre av arrangementa på årets festival?
Send ei melding til oss:

hjelp@osteroyfestivalen.no
eller
48295646

Program

Laurdag 12. Juni
• Kassabil løp
• Bil rebus
• Eksosrypefest

Søndag 13. Juni
• 9 – Fjellsturen

Torsdag 17. Juni
• Humorgalla

Fredag 18. Juni
• Pubkveld m/quiz

Laurdag 19. Juni
• Talentiaden
• Konsert